Landegrensen

Då var det andre løpet med Team Atea Pro Aktiv over, det første var Enebakk Rundt 1. mai som vi også vant. Landegrensen vart kjørt i helga, 130 km. Vi kom inn på 2.58, som er ny løyperekord, 1.13 foran Team Sepura og 8 minutter foran Rye-ekspressen. Var veldig spent foran løpet, grunna sjukdom forrige helg. Låg i 4 dagar. Fekk verken kjørt Nordmarka Rundt som var et oppkjøringsløp med laget eller det lokale 6 Vatn’s runden på Voss.

Dei 2 første milene var veldig slitsomme, akkurat som eg frykta, lite fartstrening. Heldigvis løsna det gradvis utover i løpet. Fekk ein punktering etter ca. 7 mil, fekk nytt hjul og kom meg opp att til laget. Deretter fungerte kroppen veldig bra.

Neste målet for laget er Bergen-Voss 1. juni kor vi kommer med 20 mann. Det blir spennande, første gong Bergen-Voss kjører med lagkonkurranse. Har vore rekordpuljer tidlegare også med samansatte ryttare. Har sjølv løyperekorden, 3.55. Så fungerer laget vert det spennande å sjå kva tid me klarer å kjøre på. Tida vert registrert på 10. mann i mål, så me må vere med 10 mann opp skjervet.

Formen er stigande så eg ser fram til Bergen-Voss.

Team Atea Pro Aktiv

Eg vart førespurd i vinter om å vere med i prosjektet Team Atea Pro Aktiv. Målet er å sette ny løyperekord på Trondheim-Oslo ved å holde ein gjennomsnittsfart på 44 kilometer i timen. Då knusar vi rekorden frå 2009 med 20 minuttar. Selskapet Atea, som er landets største IT-leverandør, har sykling som ein av sine viktigaste aktivitetar for dei tilsette. No sponsar selskapet Team Atea Pro Aktiv.

Eit viktig element i satsinga er også å bidra for mennesker som ikkje har dei same moglegheitene som oss. Atea er tungt inne i et skuleprosjekt for jenter i Sierra Leone, i tillegg til tiltaket Aktiv mot kreft. Atea står for sunne haldningar der eg kan vere med å bidra.

Det er eit spennande prosjekt, med mange erfarne ryttare frå heile landet, blant anna tre tidlegare utanlandsproffer. Gjennomsnittsalderen er på over 40 år.

Laget har hatt ein samling og skal kjøre 5 langløp som oppkjøring til Trondheim – Oslo.