Seier i Trondheim – Oslo!

DSC01675

Foto: Siren Vethe

Foto: Siren Vethe

Det smaker deilig med seier i Trondheim – Oslo etter det ufyselege veret me fekk på turen. På møtet kvelden før gjekk Team Atea pro Aktiv for seier. Med dei vermeldingane som var meldt, med store nedbørsmengder og motvind heile vegen, var det utelukka å sette rekord. Løpet starta i Trondheim i kraftig regnver som holdt seg gåande til langt ned i Gudbrandsdalen. Over Dovre hadde vi motvind og der mista me mange mann p.g.a. kraftig nedkjøling og sterk motvind. Eg personleg hadde òg store problemer over Dovre, men eg gjer meg ikkje så lett. Hadde kraftige frysninger, kor eg i perioder hadde store problemer med å trykke på gir/bremsehendler, og sikten var tilnærma uforsvarleg. Men nedover Gudbrandsdalen fekk eg varmen i meg og blei faktisk betre og betre jo lenger ned vi kom mot Oslo. Starta med 27 mann og laget kom i mål med 13 mann. Etter 13 timer og 49 minutter med blodslit er det ein utroleg følelse å passere mållinja og vinna Trondheim – Oslo! Dette var mitt og laget sitt hovedmål for sesongen. No blir det noen rolige feriedagar før oppstart av ny treningsperiode og terrengritt. For en gjeng Team Atea Pro Aktiv er!! Kan ikkje få rost dei nok! Ein stor takk til støtteapparatet også, for eit mannskap 🙂 Dei gjorde ein kjempejobb! DSC01673DSC01671

Advertisements